Foto: Vinnarane av Tverrfjelldilten 2018: Anniken Hjellbakk Hole og Andre Haugsbø. (Foto: Inge Fænn/Fjordingen)

pressemelding: Markane IL innbyr for sjette året på rad til turrennet Tverrfjelldilten, laurdag 16. februar 2019 med start kl. 1200. 

Rennet er 40 km langt og har start og mål på Ullsheim. Dette er også denne sesongen einaste rennet i Sogn og Fjordane som er godkjent som seedingrenn til Birkebeinerrennet.

Det vert også denne gongen to sløyfer på 20 km. Det er fine snøforhold og alt ligg til rette for eit fint renn.

Det er sjølvsagt høve til å stille opp sjølv om ein ikkje skal delta på Birken. Vi håper mange både frå eige fylke og nabofylka nyttar høve til å stille opp i eit fint turrenn. Informasjon om  påmelding, løyper m.m. på Markane IL si heimeside

Påmeldingsfristen er torsdag 14. februar.

Fin premie til alle klassevinnarane, samt deltakarpremie til alle startande. Premie til beste tida for dame og herre, uansett klasse.

Write A Comment