Årets Eggenipa Opp går 30. august og er det 11. løpet i rekken. Løpet arrangeres av Breimsbygda idrettslag og ved siden av den spektakulære utsikten utmerker løpet seg med hele 25% gjennomsnittlig stigningsprosent.

Toppen på Eggenipa. Foto: Olav S. Egge.
Toppen på Eggenipa. Foto: Olav S. Egge.

Eggenipa, 1338 m.o.h., er ein sermerkt fjelltopp i Gloppen kommune, godt synleg når ein køyrer E-39 frå Utvikfjellet og Byrkjelo mot Skei og Førde. I grenda Egge finner en startområdet for både for Eggenipa Opp og for dei som elles vil til topps på Eggenipa.

Eggenipa Opp har ofte vore omtala som eit spektakulært motbakkeløp. Det spektakulære ligg vel i at både løypa og utsikta til tider er ”bratt”. Bratte parti er ikkje det same som uframkomeleg, turen på Eggenipa er for folk flest – og utsikta er storslagen.

Løypetraseen er 4650 meter lang med ei stigning på 1180 meter, og det er motbakke heile vegen. Løypa går berre i ulendt terreng og natur, og er etter mange si meining slik eit motbakkeløp skal vere. Starten er ved den kjende Eggenipasiloen på Egge (Det var i 1989 at ein bonde på Egge, etter inspirasjon frå eit fransk veggmåleri, hyra inn ein lokal kunstnar for å dekorere ein naken silo).

Det første Eggenipa Opp vart arrangert i 2005. Gjeldande løyperekord er frå 2008 og er på tida 47,26 minutt, den tilhøyrer legendariske Jon Tvedt frå Fana. Diverre vart dette hans første og siste Eggenipa Opp, då han miste livet under ein treningstur i januar 2009. Mestvinnande på herresida er Øyvind Heiberg Sundby frå Tjalve med tre sigrar og Roger Aa Djupvik frå Hyen IL med to sigrar. Arve Rindal, Joel Dyrhovden, Thorbjørn Ludvigsen, Øystein Sylta og Jon Tvedt har ein siger kvar.

Eggenipa Opp 2014. Vinnerne May  Britt Buer og Øyvind Heiberg Sundby på toppen av Eggenipa med Breimsbygda i bakgrunnen. Foto: Olav S. Egge.
Eggenipa Opp 2014. Vinnerne May Britt Buer og Øyvind Heiberg Sundby på toppen av Eggenipa med Breimsbygda i bakgrunnen. Foto: Olav S. Egge.

På kvinnesida tilhøyrer løyperekorden May Britt Buer frå Gular med tida 55,53 minutt frå fjorårets løp. Ho har fem sigrar av fem mogelege, og er såleis den som har flest sigrar i dette løpet. Merete Helgheim frå Gloppen friidrettslag har fire sigrar.

Meir informasjon på www.breimsbygda.no

Påmelding konkurranseklasse innan torsdag 27. august til Breimsbygda il v/ Olav S. Egge, 6826 Byrkjelo, tlf. 958 44 916. E-post: olav@breim.no

Write A Comment